EMALJE TANNKLINIKK - Tannlege Førde
2017 EMALJE TANNKLINIKK post@emalje.nhn.no
Kva er ein infraksjon?
Ein infraksjon vil seie det same som eit ufullstendig brot eller ein begynnande sprekk. Infraksjonar oppstår oftast i tenner med store amalgamfyllingar. Mange har infraksjonar i fleire tenner utan å vere plaga med desse, mens andre derimot kan ha store plager frå tenner med infraksjonar.

Symptom
Det vanlegaste symptomet ved infraksjonar i tenner er smerter i samband med tygging. Smerta vert ofte skildra som ein skarp eling i tanna når ein tygg på noko hardt (fig. IV). I mange tilfelle kan ein òg oppleve smerte i det ein «slepper opp» bitet. Det er typisk at smerta er kortvarig og forsvinn kort tid etter at belastinga sluttar. Ofte vil tanna òg reagere på kulde og eventuelt på varme.









figur I
figur II
figur III

Diagnose hjå tannlegen
Infraksjonar viser ikkje på røntgenbilete. Ein må difor gjere ei klinisk undersøking for å lokalisere infraksjonen. Ofte vil ein kunne finne den ved at pasienten bit saman på ein «bitepinne» i plast. Ein vil då kunne utløyse ein eling i tanna når ein bit saman på den «rette» staden. Andre gonger kan det vere naudsynt å fjerne fyllingane i tanna for å kunne sjå sprekken direkte. Av og til er det likevel ikkje mogleg å slå fast sikkert kvar infraksjonen er.
 
Behandling av tenner med infraksjonar
Behandling av tenner med infraksjonar er avhengig av fleire faktorar. Kva behandlingsform ein vel, er blant anna styrt av talet på infraksjonar i tanna, korleis og kvar infraksjonen strekkjer seg, og graden av plager frå tanna.

Fylling: I enkle tilfelle kan ein fjerne gamle fyllingar i tanna, deretter ta vekk delen av tanna som omfattar infraksjonen, og så byggje opp att med ei fylling i plast.

Krone: Dersom det er fleire infraksjonar eller desse går djupare, vil det beste ofte vere å dekkje tanna med ei krone. Dette vil verke stabiliserande på tanna og hindre at det knekk større bitar av den.

Rotfylling: Dersom infraksjonen fører til at bakteriar infiserer nerven i tanna, vil det vere naudsynt å rotfylle tanna før den vert restaurert. Det vil då i mange tilfelle vere naudsynt å restaurere tanna med ei krone.

Trekkje tanna: I dei tilfella sprekken deler tanna i to, kan det vere naudsynt å trekkje tanna. Vente med tannbehandling: Dersom ein ikkje klarer å påvise kvar plagene kjem frå, kan det vere naudsynt å vente med behandling inntil symptoma trer tydelegare fram.

Prognose
Det er ikkje alltid behandling av ei tann med infraksjonar fører fram i første omgang. Dersom symptoma held fram etter at tanna er reparert med ei fylling eller krone, kan det vere naudsynt med rotfylling for å løyse problemet. I verste fall kan det verte naudsynt å fjerne tanna. Dette er avhengig av kvar sprekken er, kor djupt den går, og kva retning den tek.

Når ein startar å behandle ei tann med infraksjonar, vil prognosen vere usikker.