EMALJE TANNKLINIKK - Tannlege Førde
2017 EMALJE TANNKLINIKK post@emaljetannklinikk.no

Mange pasientar, og då særleg kvinner, opplever at dei får problem med kjeveledda. Problemet kan starte i sjølve leddet eller kome som følgje av problem med tenner eller tyggjemuskulatur.

Eit av dei vanlegaste symptoma er klikking frå kjeveledda ved gaping, noko som kan føre til sjenerande lydar når ein et. Skrapelydar frå ledda kan òg vere plagsamt.

Nokre kan oppleve at kjeven «låser seg», slik at ein ikkje kan gape fullt opp. Andre opplever at kjeven går lett ut av ledd, og at munnen låser seg i open stilling. Atter andre vert plaga av smerter, anten frå sjølve leddet, eller frå hovudet, nakken eller kjeven.

Det kan vere mange grunnar til at slike leddplager oppstår. Dei kan ofte oppstå akutt, men kan òg vere seinverknadar etter tidlegare skadar.

Skadar i sjølve leddet kan til dømes føre til at det dannar seg arrvev, som kan resultere i klikkelydar.

Langvarig og kraftig gaping kan av og til gje forskuving av ei lita bruskskive som ligg inne i leddet. Dette kan føre til klikking når ein gapar. Over tid kan det resultere i at kjeven låser seg og ein får redusert gapehøgde.

Tannpressing/gnissing kan òg gje slike problem over tid. Mange kan i tillegg få smerter i hovudet og nakken som følgje av dette. Det kan ofte vere vanskeleg å sjå årsaka til smertene, fordi mange ikkje er klar over at dei gnissar tenner. Ofte vert dei ikkje merksame på dette før tannlegen informerer om
det. Difor kan det vere lurt å spørje tannlegen om tilhøva kring tennene kan henge saman med smerter i hovudregionen.

Ved å gje råd og god informasjon kan tannlegen gjere pasientane bevisste på sjølve problemet og årsaka til at dette kan ha oppstått. I mange tilfelle er dette, i tillegg til enkle øvingar, nok til å redusere problema eller hindre at dei forverrar seg. I andre tilfelle nyttar ein seg av bitskjener i plast for å avlaste kjeveledd eller muskulatur. Berre i sjeldne tilfelle er det naudsynt med tannregulering eller kirurgi for å møte problem i kjeveleddet.